🎱 Kom innom og spel biljard, dart, Xbox, kort eller brettspel midt i Valle sentrum!
↗️ Me er framleis under utvikling.
💰 Vipps: 949300
®️ Org.nr. 934279204
🌿 Vel oss gjerne som din Grasrotmottakar!
✋️ Me er registrert i Frivillighetsregisteret. VBFs hovudformål er å skape ein arena for utøving og fremjing av biljardsporten i Valle, på eit lågterskelnivå, og tilby medlemmane våre gode trenings-
og konkurranseforhold. Sideformålet er å skape eit sosialt og inkluderande miljø, på tvers av aldersgrupper, kjønn, interesser og livssyn, som fremjar trivsel og tilhøyrsle i Valle kommune. biljardbord i løpet av 2025, og at tilbodet vert ein kombinasjon av drop in og påmelde arrangement – avhengig av pågong og interesse. Vidare ynskjer me at lokalet parallelt òg skal kunne nyttast til andre aktivitetar, som m.a. brett-/kortspel og sosiale lag, for å inkludere ei målgruppe utover biljardinteresserte. Heiar du på oss, er det fleire måtar du kan uttrykke dette på! Mellom anna ved å like og dele denne Facebook-sida, delta aktivt i foreninga, stø oss økonomisk eller ikkje minst – vere med å spele biljard! For å kunne realisere ambisjonane våre, er me 100% avhengige av økonomisk støtte frå sponsorar og samarbeidspartnarar. Ta gjerne kontakt med Geir Ola (T: 400 63 051) eller Jan Roger (T: 482 73 150) dersom du brenn inne med gode tips eller konstruktive forslag!