19/09/2026
🌎💙 20 elevar – 40 armar – og rundt 750 kilo plast!
Torsdag 17. september var me med på ein storstilt plastryddeaksjon i Simadalen – og denne gongen stilte me med den største gruppa me nokon gong har hatt med frå skulen vår. 20 personar, 40 armar og mange timar med hardt arbeid. Det er me skikkeleg stolte av! 💪🏼🌊
Me fann enorme mengder med isopor, gamal skytestreng, plastposar, presenningar, små biofilter frå oppdrett og cruise, tau og mykje anna plastavfall. Mykje av dette har lege så lenge at det allereie har begynt å bli til mikroplast. Då ser ein verkeleg kor viktig det er å få rydda opp – sjølv om mykje av skaden allereie har skjedd.
Me såg raskt at det hadde vore gjort lite rydding i området tidlegare, og det blei difor ekstra tydeleg kor mykje ein stor dugnad kan bety. Alt hjelper. Kvar sekk som blir tatt opp frå naturen, er ein sekk mindre som kan hamne i fjorden. 🌊
Saman med oss stilte fleire titals brannfolk og frivillige ryddemannskap frå fjern og nær. Det blei plukka enorme mengder avfall berre i dette området denne eine dagen.
Vår eigen gjeng bidrog etter vårt anslag med rundt 750 kilo plast og anna avfall. Dei store sekkane me løfta opp med kranen vår var mildt sagt tunge! 😅💪🏼
Dette er femte året på rad me stiller opp for Hardangerfjorden, naturen og framtida. 💙
Tusen takk til alle som bidrog – og ein ekstra stor takk til ungdommane våre som stod på i time etter time!
Det nyttar å gjere noko.
Det nyttar å bry seg. Me gjer oss aldri.
For fjorden. For naturen. For framtida. 🌎💙
Takk til Olav Larsen for flotte bilete.