Stord Jazzklubb

Ring Veibeskrivelse Nettsted Kontakt bedriften

Stord Jazzklubb Offisiell side for Stord Jazzklubb

Flott avslutning av Stord Jazzfest 2026 i går med banda Horda og Anita Nordheim Blues n' Groove Company! Laurdag 24. okt...
11/10/2026

Flott avslutning av Stord Jazzfest 2026 i går med banda Horda og Anita Nordheim Blues n' Groove Company! Laurdag 24. oktober kjem bandet Jazz & Flyfishing med topp musikarar frå Noreg, Finland og Sverige.

Strålande opning av Stord jazzfest i går! Helge Lien Trio og Bjørn Moe med band skapte magi for eit lyttande publikum. I...
10/10/2026

Strålande opning av Stord jazzfest i går! Helge Lien Trio og Bjørn Moe med band skapte magi for eit lyttande publikum. I kveld held festen fram med bandet Horda som går på scenen kl 19 og Anita Nordheim Blues n' Groove Company går på kl 21. Bli med på festen!

03/10/2026

Me gledar oss til ei flott neste helg med fabelaktige artistar! Velkomen til fest!🎶

Offisiell side for Stord Jazzklubb

Det vart ein skikkeleg festkveld i Kulturhuset i går. I eit års tid jobba Raknes og Christensen saman om plata «Tid», so...
20/09/2026

Det vart ein skikkeleg festkveld i Kulturhuset i går. I eit års tid jobba Raknes og Christensen saman om plata «Tid», som kom i desember i fjor. Albumet inneheld låtar som handlar om tid; tida me lever i, tida me har, tida me får, tida me har igjen og tida kloden har igjen. Tankevekkjande og ofte morosame perspektiv på verda og livet. På konserten framførte Raknes låtar frå plata, og Christensen las – i samspel med Raknes og eit stjernelag av musikarar:
Lars Saabye Christensen – poesi, lesing, Steinar Raknes – bass, vokal, gitar, Andreas Utnem – trøorgel, Knut Reiersrud – munnspel, gitar, Per Oddvar Johansen – trommer.

Strålande sesongopning på haustprogrammet til Stord Jazzklubb! Bergen Big Band og Frode Grytten gjorde ære på Knut Vaage...
05/09/2026

Strålande sesongopning på haustprogrammet til Stord Jazzklubb! Bergen Big Band og Frode Grytten gjorde ære på Knut Vaage sine komposisjonar i verket Røter II. Tekstlesing ved Frode Grytten og videokunst av Anne Marthe Dyvi gjorde det heile til stor kunst som mange fekk glede av. – Rett og slett ei super oppleving!

Feiande flott semesteravslutning med det lokale bandet Klingenberg! Kjekt med dyktige, lokale musikarar som klarer å beg...
25/04/2026

Feiande flott semesteravslutning med det lokale bandet Klingenberg! Kjekt med dyktige, lokale musikarar som klarer å begeistra eit lyttande publikum. Klingenberg er: Gunhild Aadland Rolfsnes – vokal, Frode Hammersland – bass, Åsmund Espeland – akustisk gitar, Jonas Selås Olsen – elgitar, Jonas Cisar Romme – sax, Martin Hystad – trommer. – God sommar!

Strålande konsert med heimelaga og særeigen musikk. Funkle, med Webjørn Sæther på kontra altklarinett og sopransaks   og...
13/04/2026

Strålande konsert med heimelaga og særeigen musikk.
Funkle, med Webjørn Sæther på kontra altklarinett og sopransaks og Asbjørn Lerheim på gitarar. Hendinga gjekk føre seg på Gjøa, Stord Hotell laurdag ettermiddag.

Minner om denne flotte konserten!
04/04/2026

Minner om denne flotte konserten!

28/03/2026

Magisk konsert med Benedicte Maurseth kvartett på Stord Hotell i går. Nyt!

Adresse

Knappane 67
Stord Island
5414

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Stord Jazzklubb legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Stord Jazzklubb:

Snarveier

Del