Bakeriet Frugård

Bakeriet Frugård Ein institusjon i utelivet på Stord. Her kan du treffa folk i eit uformelt miljø både dag og kveld
(259)

11/05/2026

19. juni stiller Klangboltane på artistdugnad i Sommarteltet.

Overskotet for kvelden skal gå til velferdstilbod for menneske med rusutfordringar i Stord kommune. I samarbeid med kommunen vil foreininga etablere ulike prosjekt som skal bidra til å glede dei som treng eit avbrekk i kvardagen. Foreininga vil forvalte midlane til prosjekta er gjennomførte. Me håpar også at lokale bedrifter vil vera med og bidra!

Husbandet for kvelden er Endre Olsen, Jørgen Sandvik, Anders Bitustøyl og Hans-Olav Molde. Dei vil invitera med seg lokale artistar, og sørge for at stemninga i teltet blir euforisk. Kven veit, plutseleg kjem det ei overrasking også? Samhald i Sunnhordland, Bakeriet Frugård og husbandet håpar du har lyst til å vera med og gjera dette til ein suksess!

https://frugard.ticketco.events/no/nb/m/e/artistdugnad__samhald_i_sunnhordland

Teltet opnar kl 19
Spelestart kl 20

For ein sommar me skal få på torget! I år byr me på humor, allsong, rock, country, fotball-vm og generelt knallgod stemn...
10/05/2026

For ein sommar me skal få på torget! I år byr me på humor, allsong, rock, country, fotball-vm og generelt knallgod stemning ☀️ Ta med deg familie, vener og kollegaer og sikra deg billettar no 😎https://frugard.ticketco.events/no/nb

29/04/2026

I dag er det ein månad til denne karen opnar årets Sommarteltsesong. Meir enn halvparten av billettane er alt selde, så ikkje vent for lenge. Tom Wagtskjold spelar opp til allsong og halloi etter showet 💫https://frugard.ticketco.events/no/en

Alle må få med seg School of Rock på Stord vidaregåande skule i ettermiddag, kl 17 🔥For ein gjeng, og for eit trøkk  og ...
29/04/2026

Alle må få med seg School of Rock på Stord vidaregåande skule i ettermiddag, kl 17 🔥For ein gjeng, og for eit trøkk og ei speleglede🤘 Også tusen, tusen takk for støtta til Rullefondet og Open Arena 🫶

Ein månad til Sommarteltet 2026 opnar, og først ut er Christoffer Schjelderup med soloshowet Tenker Tanker. Her invitere...
28/04/2026

Ein månad til Sommarteltet 2026 opnar, og først ut er Christoffer Schjelderup med soloshowet Tenker Tanker. Her inviterer han publikum inn i sitt eige, ofte kaotiske hovud og granskar alt frå små, kvardagslege absurditetar til større spørsmål om samfunnet rundt oss – alltid levert med ein kombinasjon av sylskarp analyse, sjølvironi og uventa vendingar.

Med ufiltrert humor, presise observasjonar og ei særeigen evne til å gjere det kompliserte både gjenkjenneleg og lattervekkjande, har Schjelderup befesta si stilling som ein av landets mest markante standupkomikarar.

Etterpå blir det show med trudabur Tom Wagtskjold. Han har eit svært variert repertoar, med stor allsongfaktor, og lovar å lage halloi i Sommarteltet!

https://frugard.ticketco.events/no/en

Adresse

Borggata 20
Stord Island
5417

Åpningstider

Mandag 10:30 - 00:00
Tirsdag 10:30 - 00:00
Onsdag 10:30 - 01:00
Torsdag 10:30 - 00:00
Fredag 10:30 - 03:00
Lørdag 10:30 - 03:00
Søndag 14:00 - 00:00

Telefon

+4753410534

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Bakeriet Frugård legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Bakeriet Frugård:

Del