Best Western Lægreid Hotell

Best Western Lægreid Hotell Midt i Sogndal ved Sognefjorden ligg Best Western Lægreid Hotell. Ved den vesle fontena på Almenningen finn du eit hotell der gjestene kjenner seg som heime.

Der er alt lagt til rette for at du skal fi nne roen du treng. Dei tilsette er hyggelege og hjelpsame. Atmosfæren er varm, personleg og uformell. Dette kan også stamgjestene fortelje deg. Vertskapet, Sylveig og Atle Lægreid, legg kanskje litt meir i dette med atmosfæren enn andre som driv hotell. Ikkje nok med at dei tener til sitt brød her, dei bur her også sjølve. Og nettopp det er den garantien

du treng for at den lune og gode atmosfæren skal prege alle dine opphald på Lægreid. Det er mange som kjem attende til Lægreid så ofte dei kan. Enkelte har til og med uttalt ved innsjekking at ”det er godt å være heime att”. Det er gjestfridomen Lægreid er kjend for. Det er sagt med ekte og oppriktige glimt i augo når Sylveig og Atle ynskjer deg
”velkomen heim”. Best Western Lægreid Hotell – Velkomen heim!

Adresse

Almenningen 3
Sogndalsfjøra
6856

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Best Western Lægreid Hotell legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Best Western Lægreid Hotell:

Del