Jølster Jazzklubb

Veibeskrivelse Nettsted Kontakt bedriften

Jølster Jazzklubb Jølster jazzklubb – ein musikalsk møteplass for dei med øyre. Jølster jazzklubb blei stifta i 2010. Klubben har arrangert 11–12 konsertar kvart år sidan starten.

Såleis er vi er framleis ein relativt ung og liten klubb, men vi ser med glede at medlemsmassen auker sakte, men sikkert. Hovudarrangementet vårt er jazzfestivalen Jazz på Jølst, som går av stabelen midt i oktober kvart år. I tillegg til konsertar for vaksne, har vi barnejazz og ein konsert for og med ungdom og musikkverkstad for unge musikarar. Når det gjeld artistar, vekslar vi mellom kjende og ukjende, nasjonale og lokale namn innan jazz og nærliggjande musikkformer. Vi har eiga heimeside, www.jolsterjazz.com. Frå vedtektene: "Alle som sluttar opp om formåla og vedtektene til foreininga, kan vere medlemmer i Jølster Jazzklubb." Sjå resten av vedtektene og anna informasjon under "Notat". Her på facebook kan de sjølsagt "like" utan å vere medlem:)

No ligg alle billettar til Jazz på Jølst 8.-10 oktober ute på TicketCo
31/07/2026

No ligg alle billettar til Jazz på Jølst 8.-10 oktober ute på TicketCo

JAZZ PÅ JØLST 2026 – BILLETTINFORMASJONTicketCo er vår billettleverandør – og du finn link til billettkjøp under alle arrangement. Du kan også søke opp arrangementa våre i TicketCo. Skriv Jølster eller Jazz på Jølst i søkefeltet og alle konsertane skal komme opp.Du får billett på e...

Unn deg ei herleg helg på https://grandhotelskei.no og opplev jazz av ypperste kvalitet under Jazz på Jølst.Her er tilbo...
26/07/2026

Unn deg ei herleg helg på https://grandhotelskei.no og opplev jazz av ypperste kvalitet under Jazz på Jølst.

Her er tilbodsprisar i jazz helga 8.-11. oktober
Enkelt rom med frukost: 1395,- pr natt
Dobbelt rom med frukost for 2 personar: Kr 1595,- pr natt
Trippelrom med frukost for 3 personar: Kr 1795,- pr natt

For å få desse prisane må folk sende e-post til: [email protected] og opplyse om at de skal vere med på Jazz på Jølst - evt ringe 577 27800 dersom de ikkje har tilgang til e-post.

11/07/2026
No er nesten alle artistar på programmet under Jazz på Jølst i oktober lagt ut - men det blir tradisjonen tru gratiskons...
25/06/2026

No er nesten alle artistar på programmet under Jazz på Jølst i oktober lagt ut - men det blir tradisjonen tru gratiskonsert med elevar frå Firda vgs - meir enn ein skule på Audhild Vikens vevstove laurdag 10. oktober kl 14.00- men besetning og bandnamn er ikkje klart endå så det legg vi ut seinare.
Vi er også i dialog med Kyrkja om Gudsteneste med jazzpreg søndag 11.oktober.

SOMMARJAZZKURS 2026 PÅ torsdag 25. juni startar sommarjazzkurset på Grand Hotel Skei. Det er 10. gang Vestnorsk jazzsent...
23/06/2026

SOMMARJAZZKURS 2026
PÅ torsdag 25. juni startar sommarjazzkurset på Grand Hotel Skei. Det er 10. gang Vestnorsk jazzsenter arrangerer kurset på Skei. Kurset varer til 29. juni - og Jølster jazzklubb er medarrangør og tilretteleggar for kurset .

Målgruppe for kurset er er unge talent/musikarar som vil lære meir om jazz, improvisasjon og samspel. Det er 32 unge deltakarar og 7 instruktørar som alle tilhøyrer toppsjiktet i norsk jazz.

Jazzklubben har ansvar for å arrangere:
Avslutningskonserten måndag 29 juni kl. 19.30 på Grand Hotel Skei Konserten er open for publikum.

Både instruktørar - og deltakarar bidreg.

Vi garanterer at det blir veldig fint - og vi håpar å sjå deg der!!

Nina Torske og Audun Humberset frå Vestnorsk Jazzsenter er kursansvarlege.

INSTRUKTØRAR ER:
Dag Magnus Narvesen – trommer
Hildegunn Gjedrem – vokal
Øyvind Dale – piano
Oddrun Lilja Jonsdottir – gitar
Simen Kiil – trompet/messing
Mona Krogstad – sax/treblås
Magne Thormodsæter – bass

Adresse

C/o Hallvar Helgheim
Skei
6843

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Jølster Jazzklubb legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Jølster Jazzklubb:

Snarveier

Del