Budeia - Der bygdi møtast

Ring Veibeskrivelse Kontakt bedriften

Budeia - Der bygdi møtast Kontaktinformasjon, kart og veibeskrivelse, kontaktskjema, åpningstider, tjenester, vurderinger, bilder, videoer og kunngjøringer fra Budeia - Der bygdi møtast, Pub, Brøløsvegen 42, Seljord.

Koma då kyyyra🤍🐄
06/11/2026

Koma då kyyyra🤍🐄

06/11/2026

For ein magisk oktober saman med dykk! ❤️🐄

Me har dansa, sunge og hatt gode samtalar langt på natt. Det vesle pubeventyret vårt har gitt oss så mykje glede og energi til å skape meir og satse vidare!

Me er utruleg takksame for alle som har kome innom og nytta tilbodet vårt. I ei årstid som ofte kan kjennast mørk og trist, er det ekstra fint å ha ein stad å møtast – og det er de som fyller Budeia med liv og varme. 🍂✨

Hausten og vinteren byr på mange spennande arrangement, og me gler oss til å sjå dykk att! 🍻🎶

Me vil òg beklage forvirringa rundt konserten med Vandringsmenn førre helg. Det gjekk dessverre rykte om at me heldt stengt, og at konserten var avlyst. Dette stemde ikkje – me hadde ope, og konserten gjekk som planlagt.

Følg gjerne med på dei offisielle sidene våre i sosiale medium for oppdatert informasjon om opningstider og arrangement. ❤️

Varme helsingar frå alle oss på Budeia 🐄

🎃👻 Fjøllmannen kjem te Førsdal!DJ-Fjøllmannen tek turen til Budeia på halloweenfesten og spelar opp til ein skremmande g...
25/10/2026

🎃👻 Fjøllmannen kjem te Førsdal!

DJ-Fjøllmannen tek turen til Budeia på halloweenfesten og spelar opp til ein skremmande god kveld! 💃🕺 Finn fram kostymet, ta med venegjengen og gjer dykk klare for liv på dansegolvet! 🔥

🎟️ Det løner seg å vere tidleg ute – sikre deg billettar no før prisane aukar!

Lenkje til skumle-billettar: https://tikkio.com/events/67212

Kven tør å bli med? 😈🎶

🐄🎉 HAR DE EIN GJENG, EIT MÅL OG LITT ARBEIDSLYST? BUDEIA TRENG DYKK I 2027!Skal russebussen fyllast, laget på tur eller ...
23/10/2026

🐄🎉 HAR DE EIN GJENG, EIT MÅL OG LITT ARBEIDSLYST? BUDEIA TRENG DYKK I 2027!

Skal russebussen fyllast, laget på tur eller klubbkassa få litt etterlengta påfyll? Då kan ein innsats hjå oss vere midt i blinken! 💃💰

Budeia søkjer lag, foreiningar og russegrupper til festival- og arrangementsarbeid i 2027 – mellom anna under Dyrsku’n i Seljord!

Me ser etter blide og pålitelege gjengar som likar å ta i eit tak, samarbeider godt og held humøret oppe når det kokar. De treng ikkje vere verdsmeistrar – godt lagarbeid og ståpåvilje kjem de langt med! 🤠

Oppgåvene kan mellom anna vere:

✨ Servering og skjenking
✨ Billettkontroll og vertskap
✨ Rydding og innsamling av glas
✨ Praktisk hjelp under arrangementa

Dei fleste i gruppa må ha fylt 18 år når arbeidet skal utførast. Oppgåvene blir tilpassa alder og erfaring, og de får opplæring før de set i gang.

Her får de høve til å tene pengar til eit felles mål, få arrangementserfaring og skape nokre gode historier saman. Kanskje finn de òg ut kven i gjengen som faktisk møter presis når det gjeld? 😉🙌

📩 Send oss ei melding med:

– Kven de er, og kva de samlar inn pengar til
– Kor mange de er, og alderen på deltakarane
– Når de kan jobbe i 2027
– Namn og telefonnummer til ein kontaktperson

E-post: [email protected]
Telefonnummer: +4790784920
Arbeidstid, oppgåver og betaling avtalar me på førehand.

Tagg ein gjeng som burde byte ut endå eit kakelotteri med litt festivalpuls! 🐄🎶

🤠💃🏽🍃
23/10/2026

🤠💃🏽🍃

15/10/2026

KLARE FOR FEST? DET ER ME!! 🐄🎶🍻

Laurdag brakar det laus med Vandringsmenn LIVE på Budeia Stabburet i Fyresdal! Me har gjort klart til ein skikkeleg haustfest før kulda kjem – med alls song, dans og herleg stemning! Finn fram dansefoten, samle venegjengen og kom på fest med oss! 🔥🪗

Og du treng ikkje vente til laurdag – me held sjølvsagt ope på fredag òg! 🍻

🐄 Fyresdal: Fredag og laurdag kl. 19:00–02:00
🐄 Seljord: Fredag og laurdag kl. 19:00–02:00

Kvar tek du helga? Budeiene gler seg til å sjå dykk! ❤️

NB! Det stod dessverre feil aldersgrense i arrangementet. Rett aldersgrense på Vandringsmenn er 20 år. Har du kjøpt billett og er under 20 år, ta kontakt med oss, så refunderer me billettbeløpet.

11/10/2026

For ein kveld! ❤️🐄

Ein fullsett kjellar med song, dans og god stemning! Me er så takksame for at de kjem og nyttar dykk av tilbodet vårt – det er de som gjer det så moro å arrangere slike kveldar! 🫶🏼

Me skal gjere vårt beste for å by på eit variert program med noko for kvar ein smak!

Takk for dansen – me sjåast neste helg 17.10 når Vandringsmenn spelar på Budeia i Fyresdal! 🎶💃🏼

Mange billettar er allereie selde, og me kan derfor ikkje garantere billettsal i døra. Sikre deg billett via lenkja! 🎟️

https://tikkio.com/events/66761

Koma da kyra! 🐄❤️

09/10/2026

Kyyyyra! 🐄❤️ For ei helg me har i vente på Budeia!

🍻 Fredag og laurdag kl. 19:00–02:30 ut året!
Dette gjeld både Sætra i Seljord og Stabburet i Fyresdal. Ta med venegjengen og kom innom for ein triveleg kveld i ekte Budeia-stemning!

🔥 Laurdag 10. oktober tek det av i Fjoset!
Populære BREIZAAS kjem til Budeia Seljord, og no er det berre 7 billettar att før det er heilt fullt! 🤩 Har du planar om å bli med på årets oktoberfest i Seljord? Då bør du sikre deg billett snarast! 🎟️

Fleire har spurt om lederhosen og dirndl – og svaret er eit rungande JA! Finn fram oktoberfestantrekket og bli med på festen! 🍂🍻

Får/Fekk du ikkje sikra deg billett til BREIZAAS? Sætra er òg open for alle over 18 år! ❤️

Me gler oss til ei innhaldsrik helg med dykk, både i Seljord og Fyresdal!

Koma da kyra!! 🐄🍻

Adresse

Brøløsvegen 42
Seljord
3840

Åpningstider

Fredag 19:00 - 02:30
Lørdag 19:00 - 02:30

Telefon

+4791193500

Nettsted

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Budeia - Der bygdi møtast legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Budeia - Der bygdi møtast:

Snarveier

Del

Kategori