Gloppen Musikkfest

Gloppen Musikkfest Gloppen Musikkfest er ein klassisk kammermusikkfestival som vert arrangert kvar september. Gloppen Musikkfest er ein klassisk kammermusikkfestival.

Stiftinga Gloppen Musikkfest har som mål å skape eit aktivt kunst- og kulturmiljø på høgt kunstnarleg nivå i Gloppen og i Sogn og Fjordane. Første festival vart arrangert i 2003. Festivalen vert arrangert i byrjinga av september kvart år, og ellers er vi involvert i ei rekkje små og store arrangement gjennom året.

Sikre deg festivalpass på tilbod!Mykje å gle seg til i september, som de ser - og fram til juni kan du gjere eit kupp på...
31/03/2026

Sikre deg festivalpass på tilbod!

Mykje å gle seg til i september, som de ser - og fram til juni kan du gjere eit kupp på festivalpass. Klikk deg inn på Trivselshagen sine nettsider eller følg lenka i kommentarfeltet

PROGRAMMET FOR HOVUDKONSERTANE ER UTE!!Gloppen Musikkfest 2026 - med føtene på jorda!Då vi for nokre år sidan la opp idé...
30/03/2026

PROGRAMMET FOR HOVUDKONSERTANE ER UTE!!

Gloppen Musikkfest 2026 - med føtene på jorda!

Då vi for nokre år sidan la opp idéar og visjonar for åra som skulle kome hadde årets festival arbeidstittelen “jorda” - med det som gror, det som gir oss liv, det som forsvinn, det som held alt i hop, det vi øydelegg og det vi er.

Undervegs vart det tydelig for oss at vi vart meir og meir jorda det meir vi tenkte og programmerte. Vi ville attende til kjerna, til kammermusikken, til samspelet, til møtet mellom publikum og utøvarar - det som gjer at vi grøder. Vi ville senke dørterskelen og gjere porten vid, sleppe publikum tett innpå oss. Difor har vi vore frie i programmeringa, og lagt fleire av hovudkonsertane i mykje mindre lokaler enn tidlegare, Sandane kyrkje og bygdehuset Vonheim. I tillegg vert det som vanleg ein storslått tur innom kultursalen med Håvard Gimse ved flygelet.

Vi har samla framifrå festivalmusikarar som veit vil finne høve til å gneistre for glopparane, og vi garanterer store opplevingar i intime format frå en internasjonal gjeng med tydelege stemmer og sterk formidlingsevne. Francisco López (fløyte), Maria Włoszczowska (fiolin), Anders Nilsson (fiolin), Aine Suzuki (bratsj), Charles-Antoine Archambault (cello), Jose David Ospina Gaviria (bass) og Håvard Gimse (piano) vil saman med våre kunstnarlege leiarar Ida Klokk-Bryhn (bratsj) og Audun Sandvik (cello) servere oss eit saftig program med spenn frå wienervals til kontemporær solobass.

På toppen av hovudprogrammet får vi ein heilt spesiell kveld i Vonheim med kammerjazz og viser frå Maridalen og Lars Lillo-Stenberg. Vi gler oss!

Du finn meir informasjon på nettsida vår!

Startgropa leverte ein forrykande konsert i Sandane kyrkje i ettermiddag! Lærdal og Bergen kan gle seg!!Takk til eit str...
19/03/2026

Startgropa leverte ein forrykande konsert i Sandane kyrkje i ettermiddag! Lærdal og Bergen kan gle seg!!

Takk til eit strålande vakkert og lyttande publikum

Grieg! Brahms! Dvorak! Schubert! Meir! Meir!Nett no ligg dei og skvulpar i Breimsvatet (eller heitar seg opp att i Reed ...
18/03/2026

Grieg! Brahms! Dvorak! Schubert! Meir! Meir!

Nett no ligg dei og skvulpar i Breimsvatet (eller heitar seg opp att i Reed Sauna), men torsdag kl. 17:00 kan du høyre dei i Sandane kyrkje! Du kan kjøpe billettar til denne konserten hjå Trivselshagen eller vippse i døra.

Fredag kjem dei til Lærdal kulturhus, medan Bergensarane må vente til laurdag føremiddag med å ta turen til Griegakademiet (UiB) og Gunnar Sævigs sal.

Du finn all info om konsertane på nettsida vår, eller via arrangementa her på Facebook :)

Startgropa 2026 - kammerkonsert i Sandane kyrkje
Startgropa 2026 - kammerkonsert i Lærdal kulturhus
Startgropa 2026 - kammerkonsert i Gunnar Sævigs sal

STARTGROPA 2026!Om ei veke samlast denne gjengen lovande musikarar på Bdhuset - kultur og selskap i Breim for å dukke dj...
10/03/2026

STARTGROPA 2026!

Om ei veke samlast denne gjengen lovande musikarar på Bdhuset - kultur og selskap i Breim for å dukke djupt ned i kammermusikken - saman med Audun og Ida. Og etter nokre dagar får vi høyre dei spele saman i Sandane kyrkje, og deretter i Lærdal kulturhus og i Bergen på Griegakademiet! Dette er musikarar du vil høyre mykje meir til i åra som kjem. Bli med dei ut av Startgropa 🎵😁

Under finn du lenker til dei ulike konsertane⬇️

Startgropa 2026 - kammerkonsert i Sandane kyrkje

Startgropa 2026 - kammerkonsert i Lærdal kulturhus

Startgropa 2026 - kammerkonsert i Gunnar Sævigs sal

Søk Startgropa 2026
30/12/2025

Søk Startgropa 2026

No tek vi imot søknader for STARTGROPA 2026: kammerseminar i Gloppen i mars med påfølgande miniturné for unge profelsjonelle klassiske musikarar 🎵😁

Kanskje er det noko for deg? Eller nokon du kjenner?

Sjekk lenka i kommentarfeltet ⬇️

Foto: Magnus Skrede

Etter nok ein fortryllande julekonsert i Ljosborgstova saman Ose Kammerspel og Sølvane Gard kan vi ynskje alle våre vene...
23/12/2025

Etter nok ein fortryllande julekonsert i Ljosborgstova saman Ose Kammerspel og Sølvane Gard kan vi ynskje alle våre vener ei riktig god jul

Adresse

Valborgkleiva 15
Sandane
N-6823

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Gloppen Musikkfest legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Gloppen Musikkfest:

Del