21/09/2026
Denne veka på Sentralbadet ✨
📆 Torsdag 24/9: Henrettelsespodden LIVE! (UTSELD!)
📆 Fredag 25/9: Smelteverkslunsj september - Importkaia
📆 Laurdag 26/9: Frivilligmessa i Ullensvang 2026
📆 Torsdag 24. september: Henrettelsespodden LIVE! (UTSELD!)
Programleiar Kyrre Holm Johannessen og ekspert Torgrim Sørnes i Henrettelsespodden besøker torsdag Sentralbadet for å levere ei bloddryppande historie frå vår ikkje altfor fjerne fortid. På agendaen står sjølvsagt vår eigen bøddel, Samson Isberg, og anna kuldegysande materiale. Tradisjonen tru skal det også øksast ein kålrabi eller to… 🪓 UTSELD.
📆 Fredag 25. september: Smelteverkslunsj september - Importkaia
Smelteverkslunsjen er tilbake! Første gjest ut hausten 2026 er Importkaia AS. Importkaia har gått frå å vere eit travelt industrianlegg, via årevis som ruin ingen hadde særleg trua på, til eit toppmoderne lelegheitskompleks sentralt plassert i Odda sentrum. Initiarvitakarane har store planar for området i åra framover, og vil dele noko av dette med oss. Samlinga er ope for alle interesserte, og det er mogleg å kjøpe snittar i kafeen ☕
📆 Laurdag 26. september: Frivilligmessa i Ullensvang 2026 (https://facebook.com/events/s/frivilligmessa-i-ullensvang-20/1350299600521262/)
På Sentralbadet litteraturhus, Iris Scene og i Lindehuset kan du på laurdag møte frivillige lag og foreiningar på stand - og finne ein ny fritidsaktivitet til deg sjølv, born, borneborn, foreldre, besteforeldre, nye tilflyttarar eller andre du kjenner. Møt alle dei trivelege folka i ulike lag i Ullensvang, delta på aktivitetar og få informasjon om korleis du kan bli medlem 😊
Velkommen! 💋