15/09/2026
Velkommen til "Der vi er - ein konferanse om kunstnarinitierte og stadrelaterte kunstprosjekt" i Lærdal kulturhus 25. september 2026. Les meir og meld deg på: https://www.kunstnarsenter.no
Konferansen er ein møteplass for samtaler om kunstnarinitierte og stadrelaterte prosjekt i Sogn og Fjordane og kva rolle Kunstnarsenteret kan spele i denne samanhengen.
Tidslinja i utstillinga «Der me er» viser kunstnarinitierte
og stadrelaterte prosjekt som har gått føre seg i Sogn og Fjordane frå 1979 til 2025. Den peikar på kor viktig det er med ei fagleg forvaltning av kunstprosjekt som går føre seg utanfor dei store kunstfaglege institusjonane og stiller spørsmål om forvaltningsansvaret for disse prosjekta. Fram til no er er det enkeltståande kunstnarar som har tatt dette ansvaret.
Tidslinja bygger på dokumentasjon som for det meste er sendt inn frå kunstnarane som medvirka i dei ulike prosjekta, samt arkivmateriale frå KSF.
Dokumentasjonen spring ut frå kunstnarane som har virka i regionen og viktige institusjonar som BAS, NKD, Vevringutstillinga og KSF, og synleggjer ei periode med stor kunstnarleg aktivitet.
Marit Arnekleiv og Anne-Lise Stenseth er kunstfagleg ansvarlge for pilotprosjektet «Profesjonell kunst i distrikta» og har utarbeidd tidslinja.