Støyperiet

Støyperiet Heile Kvinnherad sin folkepub 💃🏻

27/03/2026

Kjekt å bli invitert til Næringslunsj i dag :-) Støyperiet ynskjer sjølvsagt å samarbeide med det lokale næringslivet. Det skal bli ein flott møteplass (dag/kveldstid), og det vil bli temakveldar, kulturelle innslag, kanskje litt fagleg påfyll, mingling og latter. Mykje av det siste. Vi set pris på alle bidrag no i oppstartsfasen, under oppussing av lokalet, og kjem til å gå i dialog med bedrifter om ulike typar samarbeid.
Takk til Bente Marie og Kvinnherad Næringsservice for framifrå jobb ! Ha ei finfin påske :-)

Supert team i godt driv denna helga 🤩
22/03/2026

Supert team i godt driv denna helga 🤩

Oskar (84) var ein av dei fyrste som sa han ville vera aksjonær. I dag har han spylt i tre timar 👏🏻🤩
18/03/2026

Oskar (84) var ein av dei fyrste som sa han ville vera aksjonær. I dag har han spylt i tre timar 👏🏻🤩

09/03/2026

Me er så heldige at me har fått lov å sjå etter unike ting heime hos Øyvind Røyrvik. Ting me kan ha som ein del av interiøret på Støyperiet.

Her snakkar me om ei unik samling av gamle skattar, der enkelte av gjenstandane har over 100 år med historie i seg. Dette er gjenstandar som ber på historier, og me gler oss stort til å la dykk få sjå og oppleva dei i sitt nye miljø.

Me er sikre på at det kjem til å gi puben ei heilt unik atmosfære og sjel. Me er utruleg takksame og audmjuke over at me får låna nokre av desse perlene.

Kanskje det ja... ? Catalina har leika seg litt med KI. Fiffig det greiene der. Framleis mogleg å hive seg med og bli pu...
08/03/2026

Kanskje det ja... ? Catalina har leika seg litt med KI. Fiffig det greiene der. Framleis mogleg å hive seg med og bli pubeigar! Det er noko å fortelja familie og vennar. Søk her:
https://stoyperietpub.no/

Milepæl nådd: No er me offisielle!På ope hus i går informerte me om at me venta organisasjonsnummer i dag, og jaggu leve...
05/03/2026

Milepæl nådd: No er me offisielle!

På ope hus i går informerte me om at me venta organisasjonsnummer i dag, og jaggu leverte Brønnøysund i dag 😃

Dette betyr at me no set i gang med den formelle prosessen for alle som vil bli aksjonærar i Støyperiet Pub. No er tida inne for å sikra din plass på laget.

Slik gjer du det:

1. Gå på nettsida vår https://stoyperietpub.no/ og klikk på «søk om å bli aksjonær» for å opna dokumentet i Adobe Acrobat Sign.

2. Les gjennom alle 4 sidene (dei to siste er sjølve aksjonæravtalen).

3. Signer digitalt - enkelt og greit!

Takk til alle som kom på ope hus i lokala til Støyperiet. God stemning, fine folk og allereie mange gode idear. Me merka...
04/03/2026

Takk til alle som kom på ope hus i lokala til Støyperiet. God stemning, fine folk og allereie mange gode idear. Me merkar at dugnadsånda og engasjementet er på topp før oppussinga startar!

Om du lurer på kor langt me er kome i prosessen, følg med på nettsida vår stoyperietpub.no 😊

Adresse

Kvinnherad
5460

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Støyperiet legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Del

Type