08/10/2026
Statsbudsjettet 2027: Frå 1. januar 2027 blir RVTS Nord, RVTS Midt og RVTS Vest del av ei ny nasjonal verksemd under Helsedirektoratet, saman med KORUS-sentra i midt, øst, nord, Bergen og Stavanger. Hovudkontoret skal ligge i Haugesund!
RVTS Øst, RVTS Sør og dei andre KORUS-sentra blir med frå 2028.
I statsbudsjettet blir det understreka at sentra skal behalde ein desentralisert struktur med kompetansemiljø nær tenestene. RVTS skal derfor framleis vere til stades i sine regionar og halde fram med å støtte kommunar, tenester og fagmiljø innan vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging.
Målet med den nye organiseringa er ikkje å flytte kompetansen bort frå tenestene, men å styrkje samarbeidet og koordineringa mellom kompetansesentra. Les meir 👇