26/04/2018
Hei alle sammen!
Den siste utgåva av Rambo 5-mila nærmar seg med stormsteg, og her kjem litt info.
Fyrst er det litt info om sjølve 5-mila og under kjem det informasjon om banketten.
5-MILA:
- 5-mila startar klokka 09:00
- Det er gratis å delta
- 5 rundar i 10 kilometeren, løypa er merka
- Start på Hovden langrennsarena
- Sjølvberga (det vil si at du må ha med din eigen mat og drikke)
- Ikkje lov å bytte ski
- Ikkje lov å bryte
- Påmelding på start frå 08:30 til 09:00
- Spurtpris etter 10 km
- Diplom i premie
Eit lite skår i gleden har dukka opp. T-skjortemannen svarar meg ikkje lengre, og me rekk difor ikkje å få finisher t-skjorter denne gongen. Om det er stor stemning for det, kan eg gjere eit nytt forsøk etter 5-mila.
BANKETTEN:
Når det gjeld banketten på kvelden vil den vere på Hovden grendehus. Her er det påmelding, sidan det er eit lukka selskap.
Ein del har allereie meldt seg på, det er veldig bra. Det blir også litt mat her, og difor må me ta litt betala av kvar.
- Påmelding (innan 27.4)
- Vipps 150,- til 97185612 merk "bankett Hovden"
- 18 års aldersgrense
- Ta med eigen drikke (så mykje som mogleg og så mykje du vil)
- Mat klokka 18:00
- Programstart 19:00
Det vert også moglegheit for dei som vil å halde tale, synge eller underhalde på ana vis.
Me gledar oss til den siste utgåva av Rambo 5-mila. Er det nokre spørsmål, berre ta kontakt.
Team Rambo