10/04/2026
🔥Ein innhalds- og næringsrik dag på Huken!
Det deltok om lag 15 ungdomar på temakvelden, og vi synest dette vart ein stor suksess.
Malene, som har bakgrunn som biolog, heldt eit 20 minutt langt føredrag om matsikkerheit og klima, som ungdomane syntest var både spanande og engasjerande. No er vi litt betre rusta til å ta smarte val når det kjem til mat! ♻️
Kokken Gøran tilreidde, saman med to ungdomar, sunne og smaksrike rettar rett frå det vesle kjøkkenet vårt her på Huken. Imponerande gode smakar, og kjøkkenet var reinare då han gjekk enn då han kom.. 👨🍳
Tusen takk til Vølegard og Skattebu Gard - Fjellam frå Valdres for flotte kjøtstykke av både angus og lam. Saman med sesongbaserte grønsaker vart det eit måltid som passa for ein konge eller ei dronning! 👑
💰 Dette arrangementet hadde ikkje vore mogleg utan støtte frå Sparebankstiftelsen DNB - ein ekstra stor takk går dit.