Løo på Seim

Løo på Seim Eit lokale for ulike hendingar! Me tek imot ulike lag som brudlaup, bursdagar, dåp, konfirmasjonar, minnestunder, møter m.m. Me tek i mot både små og store lag.

I tillegg har me no, for mindre lag, tilbod om sauna. Me har tilhøryande dusjannlegg og garderobe. Me held, når annonserr, pubkveldar eller middagar. På denne sida og på heimesida vår www.seimstunet.no, her eller i lokalavisa vil det komme informasjon om det. Denne gruppa er for alle som ynskjer å fylje Løo.

Til lukka med dagen i dag, Sigrid og Sindre! Etter utsetjing er de no endeleg vigde.Dei seier "regn i slør gjev lukke", ...
23/05/2026

Til lukka med dagen i dag, Sigrid og Sindre!
Etter utsetjing er de no endeleg vigde.

Dei seier "regn i slør gjev lukke", det må bety at det blir mange lukkelege år framover ♥️
Ynskjer dykk ei fin feiring her på Løo i dag. Dei beste ynskjer for framtida ♥️

– Me kjem til å hugsa denne dagen godt, seier Andreas Horvei lattermildt. Han fekk ein litt lengre veg til systera sitt bryllaup i Granvin laurdag føremiddag.

Me får ofte spørsmål om me framleis driv Løo på Seim. Dette er ikkje alltid like lett å svare på, me driv ikkje slik som...
25/06/2025

Me får ofte spørsmål om me framleis driv Løo på Seim. Dette er ikkje alltid like lett å svare på, me driv ikkje slik som tidlegare med "full pakke" der ein kan få både mat og drikke. Eg(Ingebjørg) og Esben har fulle jobbar utenom, og tre born som skal fyljast opp, så me har funne ut at dette er beste løysinga for oss.

Likevel kan dei som ynskjer leige lokalet, og ordne alt av mat, drikke, pynting med meir sjølve.

Sidan 2019 (utenom litt pandemi pause) har me vore heldige kvar sommar å hatt Backroads på Løo. Dei har guida sykkeltur mellom Voss og Ulvik, og dei har lunsjmåltid på Løo. Guidane lagar til maten sjølve, og gjestene får ein god pause før dei tek turen vidare over Ulvikahøgda.

Her kan de lese om turen gjestene våre har:

https://www.backroads.com/trips/MNWQ/norway-multi-adventure-tour

God sommar! 🌞

I morgon føl me Greta til sin siste kvilestad. Greta var den, som sammen med Joffen, dreiv garden her på Seim i mange år...
31/01/2024

I morgon føl me Greta til sin siste kvilestad. Greta var den, som sammen med Joffen, dreiv garden her på Seim i mange år.Ho har uendeleg mange timar i Løo, med fjøsstell og lembing. Kvil i fred ♥️

22/07/2023

Dagens innhopp på Seim 🙂

Me takkar for gode minner, Wenche ♥️
01/02/2023

Me takkar for gode minner, Wenche ♥️

Wenche Lekven Født 14-09-1954 Død 24-01-2023

Hei, det har vore lite oppdateringar frå Løo i det siste! For dei som lurar er no Løo kun til utleige, der dei som leige...
19/08/2022

Hei,
det har vore lite oppdateringar frå Løo i det siste! For dei som lurar er no Løo kun til utleige, der dei som leiger lyt ordne alt sjølve, både mat, servering og vask. Me hjelper sjølvsagt til med tips og triks om det er behov!

Me har likevel hatt liv i tunet, det synest me er veldig kjekt! 🙂 I sommar har www.backroads.com hatt guida tur frå Voss til Ulvik(og vidare med båt til Lofthus), dette er tur som dei ikkje har hatt på nokre år pga korona-pandemien. Så kjekt at dei er tilbake!

Lunsjen deira på turen har vore på Løo, der flinke turguidar har laga enkel og god mat til gjestene dine. Hunden Bessie har vorte populær blant gjestene, og har fått mykje kos i sommar! 😍

I tillegg hadde me konfirmasjonar i vår, og dåp no i sommar. Veldig kjekt å ha folk i tunet, sjølv om det ikkje er like ofte som før!

Dersom de vurderer å leige Løo er det berre til å ta kontakt!

Worldwide award-winning bike tours, family vacations, walking and hiking tours. Order a free catalog or call 800-462-2848 to book a tour now.

07/10/2020

Eit nytt innlegg frå Løo. Det blir litt endringar framover i drifta, og det må me berre beklaga til våre faste gjester.

Dersom de ynskjer å leige Løo privat er det berre å ta kontakt. I tillegg har me ei leiligheit med sju sengeplassar (to soverom og ein sovesofa) til utleige om nokon er i området og treng overnatting.

http://www.seimstunet.no/

Utsikt frå Seim, der bøndene har jobba på med slåtten! 🙂 For oss har det vore rolege månader, og me går no mot ein roleg...
23/06/2020

Utsikt frå Seim, der bøndene har jobba på med slåtten! 🙂 For oss har det vore rolege månader, og me går no mot ein roleg sommar. Løo vil framover kun halde ope for førehandsbestilte lag. Vurdere du å ta med deg familien eller vennegjengen, ta kontakt 🙂

Me held dessverre ikkje ope 17.mai. Håpar alle får ei fin annleisfeiring :) Helsing alle oss på Løo
11/05/2020

Me held dessverre ikkje ope 17.mai.
Håpar alle får ei fin annleisfeiring :)

Helsing alle oss på Løo

Det er ei spesiell tid for alle, og me har bestemt at me held stengt på Løo 17.mai i år. Beklagar til gamle og nye gjester på Løo. Det er ingenplanar å halde ope før sommaren, men me tek i mot bestilling til lukka lag. Håpar de får ein fin vår og sommar. Beste helsing

Adresse

Granvin

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Løo på Seim legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Løo på Seim:

Del