Fres Festival

Fres Festival Fresvik, Vestland - 25.-27.juli Kortfatta historikk for den uinnvigde

Det var i dei dagar det skulle feirast nyår. Skjønt totalt avskore var ikkje Fresvik.

Dette skulle fancy nok gå føre seg på ein avskjerma plass, der ein uhemma kunne skyte opp rockets, lovprisa Bacchus samt produsera støy utover det hensiktsmessige. Valet fall på Fresvik, ei bygd lokalisert på feil side av Sognefjorden, the majestic. Vitterleg var det vegforbinding og Syrstrondsbygdi funkla i det fjerne. For skams skuld kan det leggast til at ein viktig grunn til at valet fell på F

resvik var at ein Lt. Skau gjennom blodsband var i indirekte eigarskap av hus og gard midt på bygdas svar på Kalfaret. Skausgarden er i ferd med å misse si uskuld. I kjølvatnet av ei særs vellukka nyårsfeiring då det rann av dag og av røv, slo overnemnde Lt. Skau og ein Per Chris Groovah, kunsthistorikar og semikosmopolitt frå Borgund, sine hovud, som framleis er i prosessen med og kvitta seg med toksin innteke kvelden og natta før, saman og tok ein stroll rundt på garden. Gjennom den postalkoholiserte disen som sat som eit lag Vaseline over auga deira kunne dei skimta at
omgjevnadane kunne by på ei unik naturoppleving. Dei greidde og å registrera at sjølve garden disponerte ein bygningsmasse som formleg skreik etter å verte nytta til noko utover å væra støtter for si eiga vekt. Til trass for at bøane framleis var dekte i eit kvitt stoff frå himmelen og at lufta kunne by på temperaturar ein frysar frå Fresvik ProduktTM verdig fekk dei båe ein kollektiv visjon. Ein visjon innehaldande telt, solkrem, trønderlapssodd, kassevis med temperert pilsnerøl, medioker kroppshygiene og ikkje minst musikkmusikkmusikk. Det var visjonen om ein festival! Tatt taratt taaaaa!!! Visjonen vart av mange avfeia som reint rør og fantasifoster, komen til denne verd utav to mindre enn fruktbare sinn med brennevin som fødselshjelp. Den vart av andre stempla som kreativ fanatisme og eit ønskje om å manifestere tesen om at kvart jævla nes i landet skal ha sin eigen festival. Men dei to visjonære hadde slett ingen plan om lata Fresvik
verta åstaden for endå eit føretak til glede for Big Bang sitt management eller
ei mjølkeku for lokale og regionale storkapitalen (med unntak av produsentar av kjøleromsløysingar). Lenge gjekk Lt. Skau og kunsthistorikaren frå Borgund svangre med sin visjon om ein festival for folket, lokalisert i Fresvik. Månadane gjekk og dei hadde for so vidt ikkje sett visjonen ut i livet
i større grad enn at dei hadde døypt den til Fres Festival, sendt ut ei massemelding på SMS til band med førespurnad om dei på universets dårlegaste vilkår kunne tenkje seg å spela. Dei hadde og byrja å laga merch. Tida tok til å verta knapp. Våre to idealistar tok til å skjøne at dei trenge fleire folk på teamet. Kvar elles enn Systrondsbydgi, bygdi som med sitt høge utdanningsnivå funklar i det fjerne, fann dei mannen dei trengde for å få kabalen til å gå opp. Tusenkunstnaren og administrasjonstalentet Håvard frå Syrstrond vart henta inn på laget. Håvard fekk med seg Jocko, edderkoppen i det imperiale medienettverket som er Sogn Avis. Saman tok dei, via undergrunnskanalen P-Vest, til å pushe Fres Festival til det piratkulturhungrige folket i Sogn Indre. Det tok til å summa rundt
fenomenet Fres Festival. Då det stod att to dagar til festivalstart reiste Festivalleiinga, som no var klart definert som eit trespann beståande av Lt. Skau, ein kunsthistorikar frå Borgund og tusenkunstnaren Håvard frå den fjerntfunklande Syrstondsbygdi, til visjonen Fres Festival sin fødestad; mellom dei fallerte driftsbygningane på Skausgarden i Fresvik. Saman skulle dei på mirakuløst vis klargjere festivalområdet med både skilting og sceneanlegg innan hordane av festivalpublikum tok til å strøyma til frå alle kantar. Til trass for sine opplagde manglar kva praktiske emne vedrører greidde dei å få både festivalområde og festivalcamp klar i grevens tid. Festivalen kunne ta til, visjon fekk sin fødestad...

Av Håvard Ese Eliassen
e-post: [email protected]
Publisert 20.02.2006

💥Real Lies til Fres26💥 Elekronikaduoen frå London tar med sin trance-revansjfantasi og fyller bøen med dei herlegaste di...
11/03/2026

💥Real Lies til Fres26💥 Elekronikaduoen frå London tar med sin trance-revansjfantasi og fyller bøen med dei herlegaste digitale rytmar. Det blir opprørsk elektronika og nattlege draumar. Usikker på kva det betyr? Kom og sjekk dei ut, du kjem til å elske det!

Billett får du her: https://fresfestival.ticketco.events/no/nb/e/fres26

🔥 til Fres26!🔥 Me kan gledeleg meddele at sognepunkens arvtakarar åpnar årets Fres! 🎉 Dette blir ei meiningsfylt stund m...
27/02/2026

🔥 til Fres26!🔥 Me kan gledeleg meddele at sognepunkens arvtakarar åpnar årets Fres! 🎉 Dette blir ei meiningsfylt stund med raske riff og hardtslåande lokalpolitiske meldingar. 👊 Med dei tre B'ane i bagasjen (Båååv, Bombeklüchter og Beinkjør) leverar Tamber på oppdraget: klassisk punk á la indre Sogn.

Dra med deg kropp og sinn og gjer deg klar for øyremassasje frå Systrond. La oss fylle bøen når Tamber går på scena!

Tamber ser du torsdag 23.juli. Billett her veitt https://fresfestival.ticketco.events/no/nb/e/fres26

🛥️Skip ohoi!🛥️ Båtbillettane er lagt ut for sal! Ta båt til og frå Fresvik ALLE dagane!Årets avgangar:TorsdagAvgang frå ...
20/02/2026

🛥️Skip ohoi!🛥️ Båtbillettane er lagt ut for sal! Ta båt til og frå Fresvik ALLE dagane!

Årets avgangar:
Torsdag
Avgang frå Sogndal kai 16:45
Retur frå Fresvik kai 01:30

Fredag
Avgang Sogndal kai 12:00
Retur frå Fresvik kai 01:30

Laurdag
Avgang Sogndal kai 12:00
Retur frå Fresvik kai 01:30

Billettar her: https://fresfestival.ticketco.events/no/nb/e/fres26 eller via den rosa knappen på fresn.no!

Du finn enkeltståande båtbillettar under «Transport» og kombinert dagspass og båtbillett under «Dagspass».

Skitt fiske! Fjord X

🔥Nektar til Fres26🔥 Uslåelig melankolsk, svensk indierock levert av vaskeekte svenskar? Ja takk! Nektar plukkar opp arve...
06/02/2026

🔥Nektar til Fres26🔥 Uslåelig melankolsk, svensk indierock levert av vaskeekte svenskar? Ja takk! Nektar plukkar opp arven etter Broder Daniel, Kent, Bob Hund, Hurula (+++) og pakkar det heile inn i 2026. Det er catchy, det er (litt) trist, det er allsangvenleg, det er rett og slett jævlig bra!

Du ser dei laurdag 25.juli på Fres!

Billett via den rosa knappen på fresn.no

🪨Slomosa til Fres26🪨 Frå dei smalaste og mest regnfulle smau i Bergen by kjem landets fetaste stonerband, Slomosa! Fram ...
30/01/2026

🪨Slomosa til Fres26🪨 Frå dei smalaste og mest regnfulle smau i Bergen by kjem landets fetaste stonerband, Slomosa! Fram med hestemaska og slå ut håret, her blir det tunge riff og saftig fuzz!⚡

Slomosa gir øyrene dine juling fredag 24.juli, møt opp i god tid!

Billettar sikrar du deg her: https://fresfestival.ticketco.events/no/nb/e/fres26

📻 Skru på øyrene og tune inn på Radio Fres med Niklas og Ken på Fres26! 📻 Den dynamiske duoen returnerar etter fjorårets...
16/01/2026

📻 Skru på øyrene og tune inn på Radio Fres med Niklas og Ken på Fres26! 📻 Den dynamiske duoen returnerar etter fjorårets triumf på bøen. Gled deg til den beste dagtidunderhaldninga på denne sida av Sognefjorden! Niklas og Ken "sender" både fredag og laurdag, ta med hagastol, og still han oppunder eit vepsabol!

Billettar kjøper du her: https://fresfestival.ticketco.events/no/nb/e/fres26

🙌 Ea Othilde til Fres26! 🙌 Indierock, shoegaze og grunge lev i beste velgåande. Ea Othilde er ei av dei mest spanande st...
09/01/2026

🙌 Ea Othilde til Fres26! 🙌 Indierock, shoegaze og grunge lev i beste velgåande. Ea Othilde er ei av dei mest spanande stemmene i norsk musikk for tida og du kan oppleve ho live i Fresvik! 🤯

Denne konserten kjem med høgdepunktgaranti!

Billettar? Her! https://fresfestival.ticketco.events/no/nb/e/fres26

Juleprisbillettane er utsolgte! Men det er høgtid og de har sikkert allereie brukt for masse på gåver, så me utvidar med...
25/12/2025

Juleprisbillettane er utsolgte! Men det er høgtid og de har sikkert allereie brukt for masse på gåver, så me utvidar med ROMJULSPRIS! Desse billettane er begrensa, og er berre å få kjøpt i løpet av 2025 (etter det går prisen opp til 2026-nivå).

https://fresfestival.ticketco.events/no/nb/e/fres26?version=m

Så ikkje nøl med å glede deg sjølv eller nokon andre. Hugs, den finaste gåva du kan gi, er ein festivalbillett til Fres!

Snakk om det på andredagsfesten og få med ein gjeng!

Gooooood jul! 🎅

📸:

God jul alle saman! Me gledar oss til å sjå dykk alle om sju månader! 🎅🎄Original 📸:
24/12/2025

God jul alle saman! Me gledar oss til å sjå dykk alle om sju månader! 🎅🎄

Original 📸:

Sa_G til Fres26! 🔥🔥🔥 Sa_G er den råaste hiphopacten i landet for tida, og ho kjem garantert til å eige bøen fredag 24.ju...
18/12/2025

Sa_G til Fres26! 🔥🔥🔥 Sa_G er den råaste hiphopacten i landet for tida, og ho kjem garantert til å eige bøen fredag 24.juli!

Billett plukkar du opp via den store rosa knappen på fresn.no

Adresse

Skausgarden
Fresvik
6896

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Fres Festival legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Fres Festival:

Del

Kortfatta historikk for den uinnvigde

Det var i dei dagar det skulle feirast nyår. Dette skulle fancy nok gå føre seg på ein avskjerma plass, der ein uhemma kunne skyte opp rockets, lovprisa Bacchus samt produsera støy utover det hensiktsmessige. Valet fall på Fresvik, ei bygd lokalisert på feil side av Sognefjorden, the majestic. Skjønt totalt avskore var ikkje Fresvik. Vitterleg var det vegforbinding og Syrstrondsbygdi funkla i det fjerne. For skams skuld kan det leggast til at ein viktig grunn til at valet fell på Fresvik var at ein Lt. Skau gjennom blodsband var i indirekte eigarskap av hus og gard midt på bygdas svar på Kalfaret. Skausgarden er i ferd med å misse si uskuld. I kjølvatnet av ei særs vellukka nyårsfeiring då det rann av dag og av røv, slo overnemnde Lt. Skau og ein Per Chris Groovah, kunsthistorikar og semikosmopolitt frå Borgund, sine hovud, som framleis er i prosessen med og kvitta seg med toksin innteke kvelden og natta før, saman og tok ein stroll rundt på garden. Gjennom den postalkoholiserte disen som sat som eit lag Vaseline over auga deira kunne dei skimta at omgjevnadane kunne by på ei unik naturoppleving. Dei greidde og å registrera at sjølve garden disponerte ein bygningsmasse som formleg skreik etter å verte nytta til noko utover å væra støtter for si eiga vekt. Til trass for at bøane framleis var dekte i eit kvitt stoff frå himmelen og at lufta kunne by på temperaturar ein frysar frå Fresvik ProduktTM verdig fekk dei båe ein kollektiv visjon. Ein visjon innehaldande telt, solkrem, trønderlapssodd, kassevis med temperert pilsnerøl, medioker kroppshygiene og ikkje minst musikkmusikkmusikk. Det var visjonen om ein festival! Tatt taratt taaaaa!!! Visjonen vart av mange avfeia som reint rør og fantasifoster, komen til denne verd utav to mindre enn fruktbare sinn med brennevin som fødselshjelp. Den vart av andre stempla som kreativ fanatisme og eit ønskje om å manifestere tesen om at kvart j***a nes i landet skal ha sin eigen festival. Men dei to visjonære hadde slett ingen plan om lata Fresvik verta åstaden for endå eit føretak til glede for Big Bang sitt management eller ei mjølkeku for lokale og regionale storkapitalen (med unntak av produsentar av kjøleromsløysingar). Lenge gjekk Lt. Skau og kunsthistorikaren frå Borgund svangre med sin visjon om ein festival for folket, lokalisert i Fresvik. Månadane gjekk og dei hadde for so vidt ikkje sett visjonen ut i livet i større grad enn at dei hadde døypt den til Fres Festival, sendt ut ei massemelding på SMS til band med førespurnad om dei på universets dårlegaste vilkår kunne tenkje seg å spela. Dei hadde og byrja å laga merch. Tida tok til å verta knapp. Våre to idealistar tok til å skjøne at dei trenge fleire folk på teamet. Kvar elles enn Systrondsbydgi, bygdi som med sitt høge utdanningsnivå funklar i det fjerne, fann dei mannen dei trengde for å få kabalen til å gå opp. Tusenkunstnaren og administrasjonstalentet Håvard frå Syrstrond vart henta inn på laget. Håvard fekk med seg Jocko, edderkoppen i det imperiale medienettverket som er Sogn Avis. Saman tok dei, via undergrunnskanalen P-Vest, til å pushe Fres Festival til det piratkulturhungrige folket i Sogn Indre. Det tok til å summa rundt fenomenet Fres Festival. Då det stod att to dagar til festivalstart reiste Festivalleiinga, som no var klart definert som eit trespann beståande av Lt. Skau, ein kunsthistorikar frå Borgund og tusenkunstnaren Håvard frå den fjerntfunklande Syrstondsbygdi, til visjonen Fres Festival sin fødestad; mellom dei fallerte driftsbygningane på Skausgarden i Fresvik. Saman skulle dei på mirakuløst vis klargjere festivalområdet med både skilting og sceneanlegg innan hordane av festivalpublikum tok til å strøyma til frå alle kantar. Til trass for sine opplagde manglar kva praktiske emne vedrører greidde dei å få både festivalområde og festivalcamp klar i grevens tid. Festivalen kunne ta til, visjon fekk sin fødestad... Av Håvard Ese Eliassen e-post: [email protected] Publisert 20.02.2006