Alden Kystlag

Ring Veibeskrivelse Nettsted Kontakt bedriften

Alden Kystlag Eit lokallag av Forbundet Kysten for området kring Alden, Dalsfjorden, Lifjorden og Førdefjorden.

10/08/2026

Etter å ha representert Bakkejekta i 4 dagar på Fjordsteam i Bergen, siglde vi heim igår, sundag. God sørleg bør nesten heile vegen, litt motorsegling innimellom, men for det aller meste var det vinden som drog oss heim til Dalsfjorden. 65 n. mil på 15,5 timar. Jekta takkar alle for turen!❤️

Bakkejekta er på bytur! Vi er på Fjordsteam i Bergen ilag med mange store båtar og andre kulturminne som kan røre seg. V...
06/08/2026

Bakkejekta er på bytur! Vi er på Fjordsteam i Bergen ilag med mange store båtar og andre kulturminne som kan røre seg. Vi er nesten minst, men vi ligg svært sentralt til ved Fisketorget. Velkomen innom!⛵️

21/07/2026

Bakkejekta er på bytur! Vi skal delta på Forbundet Kysten sitt landsstemne i Strusshamn på Askøy og på festivalen Fjordsteam i Bergen. Her er litt frå samsiglinga frå Solund og sørover😊

16/06/2026

Velkommen til sommartur med Bakkejekta!

Bakkejekta gjer ein hovudtur i sommar. Den vert delt i to, med to veker opphald i mellom. Første delen statar 13. juli og går frå Jensbua via Litle Færøyna til Kystens landsstevne i Strusshamn ved Bergen. Andre delen startar 5. august med festivalen Fjordsteam og går deretter nordover til Jensbua.

Sjå linken under for meir informasjon.
Ta kantakt med Josef Thingnes om du vil vere med sørover
Ta kontakt med Ove Losnegård om du vil vere med nordover

https://drive.google.com/file/d/1Bv9_fM0XmUKa0MgfngedjUdw7vOAEoSL/view?usp=sharing

12/05/2026

Kor mange jektefolk må det til for å legge tiljer og tofter?😅

Vi takkar så mykje igjen for innsatsen med sjøsetjing av Bakkejekta igår - her er eit blinkskot frå kreftene som var i s...
04/05/2026

Vi takkar så mykje igjen for innsatsen med sjøsetjing av Bakkejekta igår - her er eit blinkskot frå kreftene som var i sving😅foto Anne Britt Losnegård

19/04/2026

Nasjonalt krafttak skal redde kulturarven frå den stille, morkne død i fjøresteinane. Om det ikkje er for seint allereie.

05/04/2026

Onsdag 8. april kl 17 00inviterer vi til bokkveld på Jensbua!

Forfattar Eva Røyrane og fotograf Oddleiv Apneseth presenterer det nye praktverket sitt Naustlandet:

I dette føredraget fortel og viser Eva Røyrane, forfattar av boka Naustlandet, bilete frå den store naustreisa.
Naustlandet er den nyaste i rekkja av bøker som dokumenterer verdfulle bygningstradisjonar i Noreg, etter suksessane Norges låver, Av stein, Klyngetunet og Vestlandshus. Forfattar Eva Røyrane og fotograf Oddleiv Apneseth har reist frå Finnmark i nord til Agder i sør på jakt etter nausta som pregar kystlandskapet i vårt vidstrakte land.
Så lenge folk har halde seg med båtar, har det vore bruk for naust som ly for vind og vêr. For fiskarbonden var naustet ein like viktig driftsbygning som løa, men i dag er det annleis. Mykje tyder på at det norske naustet som kulturhistorisk landemerke står i fare for å forsvinne, og det i eit høgt tempo.
Nausta står tett på havet og byggeskikken er forma av naturen rundt dei. Nokre naust klorer seg fast på vêrharde nes, andre ligg fredelege som trygge hamner inst i ein fjord. Nokre går i eitt med landskapet, som dei sjøsamiske naustgammene, andre står som små fyrtårn i landskapet til minne om ei anna tid.

Inngang kr 100.-. Enkel servering.

Hjarteleg velkomen

05/03/2026

Sidan 2020 har fire av partnarane i Fjordkysten regional- og geopark kvart år redda eit trua kystkulturminne på dugnad, og no er vi klare for eit nytt oppdrag!

Adresse

Fjaler
6963

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Alden Kystlag legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Alden Kystlag:

Snarveier

Del