08/01/2026
NYTTÅRSTALE (jadå den skal vera lang!). Kjære Brynebu! Det har vore eit gildt år her på hjørna på torget. No, godt inne i 2026 er det på tide med eit tilbakeblikk og eit frampek. Først årsrapporten i tal. De har i år fortært:
Over 4000 softis!
1200 solskinsbollar
6500 svarte kaffi
1450 rekesmørbrød
1950 cappuccino
Og mykje anna snacks!
GILDE ARRANGEMENT
Me har hatt over 300 gjester på Afternoon Tea! (og levert Afternoon Tea heima hjå folk to gonger), ein trufast gjeng strikkeglade på strikkekveldande våre, to fulle champagnelunsjer på gilde Apotekerbygget og to veldig gilde operakvelder. Me har og hatt Blomar og Bobler med blom. , smykkekveld med Studio Bille, Legokvelder for voksne, Pizzakveld med Baloffi Pizza og to fulle operakvelder.
GILDE SAMARBEID
I år har me vore med på rekordmange arrangement i Apotekerbygget for private og bedrifter og kome oss gjennom eit veldig gildt Jærnåttå utan prikkar frå skjenkekontrollen! Me har samarbeida med veldig flinke kokker som Servit Catering, Yann Manceau, Kjetil Skaret Aron Espeland og Martine Espeland. Gildt har det og vore med Nettverk for gründere på Bryne som Lene Nesvik har stått bak.
Takk til Bliss Bakeri på Nærbø! Eit nytt og veldig gildt surdeigsbekjentskap. Lager fantastiske Umamikjekser og Panettoner. Og våre trufaste samarbeidspartnere på ost Ystepikene, kaffi Austrått Kaffebrenneri og øl RYGR Brygghús.
GILDE KUNDAR
Takk til alle kundar og spesielt stamkundane! Både de som kjem innom for ein kaffi dann og vann og de som er faste lunsjgjester. Me set stooor pris på dykk! F.eks Harald, Harald, Bjørn og Oddvar som vitjar lunsjplassane på Bryne i tur og orden. De er viktige!!
Takk til bedriftene som tinger smørbrød, kaker, køyrer arrangement og heier på oss! JB Maskinering, Jæren Sparebank, Apotek Viben, Grensesnitt og alle de andre.
GILDE TILSETTE
Takk til Thea, Kristoffer, Jens, Mykhailo og Maryna. Stressnivået har vorte senka betrakteleg på grunn av den stabile og veldig flinke gjengen som de er! Og takk til Mor som gjer det litt triveligere på Rits med flotte blomar.
GILDE FOLK SOM SKAPER AKTIVITET PÅ BRYNE
Takk til alle de som får gilde ting til å skje på Bryne!
Kenneth Lia, Iren Førland, Børre Lobekk, Time kommune, Bryne aktivitetssenter, bryne.no, Brynes Vel, Kulturbanken og Jærnåttå
Og ein stor takk til Kari på Kjøkkenet som har vore med på å bygga kafekultur på Bryne gjennom veldig mange år!
Takk til Espen Bekkeheien, Dalal Lalehsson, Ola Helland, Hilde Steen Helland, Sophia, Johan, Sven Bryggmester, Dustin, Ørjan, Jane Espeland og alle de andre på Bryne som alltid er opne for samarbeid og stiller opp hvis me treng hjelp!
SÅ KVA BRINGER 2026?
Tja. Me tar eit år til :)) Det har vore mange vinsmakinger, men dei har vore for lukka selskap. I 2026 vil eg prøva å kjøra litt fleire opne vinsmakinger (det sa eg i fjor au...) Det har vore langt fleire som tingar smørbrød i det siste, men trur det fortsatt finnes eit stort potensiale. Me leverer frå 1 - 500 smørbrød! Alle på surdeigsbrød og med skikkeleg pålegg. Det vert mange gilde arrangement framover. Me har allereie ute:
22.januar: Strikkekveld på Rits! Fyrste i 2026!
30.januar: Middag med Hulda Garborg! // Garborgdagar
14.februar: Champagnelunsj på Det gamle Apoteket!
Så takk for 2025 og velkomen innom for ein drøs, ein kopp kaffi eller om du vil dra med deg Ludoklubben din til Rits!