Rust Club & Scene

Rust Club & Scene Rust er ei musikk- og kulturscene i Ørsta som opna 21. juni 2002.

Det var mange forventningsfulle sambygdingar som stod utanfor den store kvite murklossen i eit smug ved kaia i Ørsta, 21. Innanfor dørene til Rust Club & Scene venta eit stilfullt konsertlokale, og Popium med Frank Hammersland i spissen stod på scena klare til å halde opningskonserten på Rust. Sidan den gongen har publikum i Ørsta og omeign fått servert noko som aldri har vore daglegkost i bygda p

å Sunnmøre: ei aktiv konsertscene med store artistar frå både inn- og utland, i tillegg til eit variert kulturprogram som har innebefatta både revy og cabaret, stand-up og filmklubb, jam og diskotek, festival og dans. Nettopp dette mangfaldet, ei spennvidde i arrangement som ivaretek interessene til både unge og gamle - og dei midt i mellom, er noko som har gjennomsyra denne kulturinstitusjonen heilt frå byrjinga av. Dei fleste musikksjangrar har vore representert på scena, med alt ifrå energiske pop- og rockekonsertar til stemningsfulle intimkonsertar. Både små - ukjende artistar har stått på scena i tillegg til dei store kjende namna, og unge og lovande spirar frå eit levande lokalt musikkmiljø har fått prøve seg, såvel som gamle heltar som har gjort etterlengta comeback.

Adresse

Strandgata 5
Ørsta
6150

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Rust Club & Scene legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Rust Club & Scene:

Snarveier

Del