Voss mållag

Voss mållag Voss mållag fremjar bruk av nynorsk på alle område og i alle lag av samfunnet.

Bokkveld torsdag 7/5 kl 19.00 i Voss Bokhandel. Elisabet Vallevik Engelstad: "Vinklingar. Om Olav H. Hauge. Om dikt og d...
06/05/2026

Bokkveld torsdag 7/5 kl 19.00 i Voss Bokhandel. Elisabet Vallevik Engelstad: "Vinklingar. Om Olav H. Hauge. Om dikt og diktarar."

I 1966 fekk Elisabet Vallevik Engelstad eit brev frå Olav H. Hauge. Brevet inneheldt diktet «Vinden har so mykje å fortelja i vår»: «Du lyt ha det fordi du har vore gild å snakka med meg og sendt meg nokre ord. Kvar gong du har pikka på døri, har eg vorte glad, og vert det òg, det er alt eg vil segja.»
Olav H. Hauge levde heile livet i Ulvik. Han kunne nok i store delar av livet kjenna seg einsam og utanfor, men hadde eit livslangt samkvem med store diktarar og tenkjarar frå fortid og samtid. Det er ikkje vasstette skott mellom kvardagsliv, lesing og skriving i Hauges tilvære.
Med utgangspunkt i venskapen med Hauge syner Engelstad korleis både det lokale og internasjonale, gjennom forfattarar som Emily Dickinson, Antonio Machado og René Char, påverka og inspirerte diktaren.
Møt forfattaren i samtale med forleggjar Kjartan Helleve.
Alle hjarteleg velkomne!

Rolf Magne Golten Andersen står bak dei populære Kokosbananas-bøkene. Ta med ungane og møt han på Voss Bibliotek torsdag...
23/03/2026

Rolf Magne Golten Andersen står bak dei populære Kokosbananas-bøkene. Ta med ungane og møt han på Voss Bibliotek torsdag 24/3 kl. 17.30–18.30

Rolf Magne Golten Andersen står bak dei populære Kokosbananas-bøkene. Kokosbananas er ein liten oppfinnar som bur saman med Mamma Banana, Pappa...

Me minner om kveldens høgdepunkt:
03/03/2026

Me minner om kveldens høgdepunkt:

Tysdag 3. mars kl. 20 (merk deg dagen) kjem forfattaren Ruth Lillegraven og musikaren Rannveig Djønne til Tre Brør Bar som gjester i Mål- og...

I kveld kan du oppleva tekstar og dikt av Jon Fosse og Sigrid Undset med spesialskriven musikk og innlevande tekstframfø...
15/02/2026

I kveld kan du oppleva tekstar og dikt av Jon Fosse og Sigrid Undset med spesialskriven musikk og innlevande tekstframføring. Staden er Olavsalen på folkehøgskulen. Artistane er Arnhild Vik (klaver/tonesetting), Eline Holbø Wendelbo (tekst/framføring/song) og Brage Botn Seim (cello)Sjå vossmaallag.no Du får to konsertframsyningar til prisen av èin (kr 350 Vipps eller kontant i døra) og og kaffi/bollar i pausen. Parkering ved Sylvsmidja like ved. Dette er eit samarbeid mellom Folkeakademiet Voss, Voss mållag, Voss lyrikklag og Voss kyrkjeakademi, med støtte frå Voss Sparebank.
Sundag 15/2 kl. 18.

Velkomen

Adresse

Voss
5700

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Voss mållag legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Voss mållag:

Snarveier

Del